KompetansePartner Vest er NetPed AS sin avdeling på Stord og kurssenter
Læringsakademinettverket er eit landsdekkande fagpedagogisk nettverk av verksemder som ynskjer å ha kompetanse og fokus på lærevanskar.
Lærevanskar - er det ei utfordring for deg?
Dersom du tenkjer, eg kan ha dysleksi eller dyskalkuli kan vi gjennomføra ei kartlegging, få ei vurdering om dette er rett. Ta kontakt med oss om det. For mange som tenkjer slik ligg dette ofte i dårlege opplevingar frå tida i skulen. Du treng ikkje leva med slike tankar, gjer noko med det, ta kontakt
Våtromskurs i Sunnhordland
Vi legg ikkje ut våtromskurs vidare, har du trong for kurs, ta kontakt slik at vi kan hjelpe deg å få sertifikat på plass.
Strevar du eller dine born med Lærevanskar, ta kontakt
Graden av lærevanskar måles ofte av kor mykje ein kan innan rettskriving, lesehastighet, leseforståing, ordforråd og/eller matematikk - sett i forhold til Gjennomsnitt for aldersnivå (GFA). Har ein under 80% har ein ein lærevanske. Har ein mindre enn 60% har ein store lærevanskar.
Vi er eit Læringsakademi i nettverket til NetPed og arbeidar ut frå same visjon. NetPed har ein visjon om at alle personar med lærevanskar enkelt skal kunna få avklart sine vanskar og uansett alder og bustad kunne få eit tilbod om tilrettelagt opplæring.